I analysen er det for kvar produksjon presentert tre grupper av nøkkeltal; middel, snitt 30% høgaste og snitt 30% lågaste. Me meiner at denne grupperinga av nøkkeltala gjev interessant og robust informasjon om korleis nøkkeltala er i den enkelte produksjon.
Vidare er det teke med ei forklaring av enkelte nøkkeltal som truleg treng litt utgreiing for å forståast, og for å forklare korleis desse nøkkeltala vert rekna ut.
Nøkkeltalstatistikken fokuserer på tala for 2011. Det er også teke med middeltal for 2010, 2009 og 2008 for den enkelte produksjon. Dette for å kunne sjå trendar og utvikling i nøkkeltala over tid. Når ein skal samanlikna tala mellom åra må ein vera merksam på at det er ulikt tal analysar som ligg bak statistikken, der geografisk spreiing av bruka som inngår i statistikken vil kunne ha innverknad.


