Me hjelper deg med driftsplan
Ved større investering, utbygging og endringar i drifta vil det ofte være nødvendig med eit budsjett som viser korleis dette går. Det bør vere interessant for deg som eigar og din familie. Bank og Innovasjon Norge vil ofte krevje dette for å yte lån.
Om Driftsplan
Ein drifsplan skal teikne eit så rett bilete av framtida som råd er. Vi kartlegg utfordringane framover saman med deg som brukar. Vi ser på dei tinga som vi trur vil endre seg. Alt etter kva som er dine ynskje.
Eksempel ulike produksjonar og omfang av desse
- Kjøp av nye maskinar
- Nybygg
- Ombygging
- Leige av jord
- Utvide mjølkekvote
- Oppstart av samdrift etc.

Heilhet
I ein driftsplan ser vi på heile bruket. Vi tek med totale inntekter til familien. Vi tek med
- Andre produksjonar på garden
- Inntekter utanfrå
- Lønsinntekt
- Privatforbruk
- Skatt
- Rente og avdrag
Utgangspunkt
Vi tek utgangspunkt i situasjonen slik den er i dag. Vi kartlegg drifta , omfang og oppnådde resultat. Nøkkeltal er til god hjelp her.
Vi tek inn produksjonsrådgjevar på aktuelle produksjonar ved behov. Ofte vil dette være ved nye produksjonar som ikkje har vore på garden før.

Nøkkeltal
Nøkkeltal og oppnådd resultat her blir ofte lagt til grunn for drifta framover. Ved videre utbygging av bruka vil gode nøkkeltal over tid ofte være avgjerande om vi kan tilråde utbygging og om ein får lån.
Fleire alternativ
Vi lagar fleire alternativ der vi brukar litt ulike føresetnader. Dette for å kunne seie noko om risiko i prosjektet og kunne sjå kva som skjer om ikkje alt går etter planen.
- Ulik leieinntekt
- Endringer i oppnådd dekningsbidrag
- Ulike strategier på maskin
- Høgare lån fordi investering er dyrare
Investering i millionklassen
Det kan vere fornuftig å bruke litt tid med oss på rekneskapslaget for å kvalitetssikre den investeringa som du tenkjer på.
Ta kontakt med en våre ansatte for bistand med drisftplan:
Me har mange års erfaring og tilsaming har me kompetanse innen bokføring, lønn, budsjett, analyser, nyetablering, eierskifte, årsoppgjer og digitale løsninger.
Hå Rekneskapslag SA

