Me hjelper deg med eigerskifte
Har du planer om eit eigarskifte på garden? Lurer du på kva ein bør gjera, kva tid bør ein starta prosessen? Me kan hjelpe til med råd og kan utføre alt papirarbeidet med eigarskiftet.
Om Eigarskifte
I praksis: Eigarskifte er ei sak som påverkar mange parter, derfor er det viktig å ha ein prosess som alle involverte får være med på.
Det bør starte med at seljer har eit møte på kontoret, der ein går i gjennom kva han tenker seg om pris og betingelser, bør ein ha takst eller kan ein i fellesskap finne fram til rett pris? Vil seljer bu på garden vidare, er det noko rundt andre arvingar som må avklarast?
Neste møte bør være heime på garden, i lag med både seljer og kjøper. Det er og viktig at ektefellar/ sambuarar er med. Er ein heime kan ein i lag sjå på, og synleggjere ting på garden lettare enn om møtet var på kontoret.

Rekneskapslaget si roll her er å svare på spørsmål og rekne på korleis ting virker i forhold til skatt ,avgifter, arv osv. Skal seljarane ha kår og kva slags kår, det vil i så fall vere ein del av handelen.
Etter kvart set me opp ein kjøpekontrakt som er rett utforming etter det som ein har vorte einige om. Den inneholdt kjøpesum for den faste eiendommen og for lausøyra (maskiner og besetning). Ein skrive kva kår inneheld, det vert og som regel beskrevet kva som skjer dersom seljer vil avhenda verdiane.
Rekneskapslaget vil orientere om kva lover det må takast omsyn til.
Avtale
Det er viktig å ta den tida ein treng for å få felles forståing av kva dette inneber, ein dårleg avtale kan øydelegge mange familieforhold.
Sjølve oppgjeret i handelen kan ikkje rekneskapslaget ta, det er mest fornuftig å bruke ein bank til det.
Velkommen til samarbeid
Ta kontakt
Det er viktig å ta den tida ein treng for å få felles forståing av kva dette inneber, ein dårleg avtale kan øydelegge mange familieforhold.
Sjølve oppgjeret i handelen kan ikkje rekneskapslaget ta, det er mest fornuftig å bruke ein bank til det.
Velkommen til samarbeid
Me har mange års erfaring og tilsamen har me kompetanse innen bokføring, lønn, budsjett, analyser, nyetablering, eierskifte, årsoppgjer og digitale løsninger.
Hå Rekneskapslag SA

