Hopp til innholdet

 

 

Korleis går det eigentleg i drifta? Alle må ha eit rekneskap, for å berekne skatt og moms. Men kor tener ein desse pengane som ein skal betale skatt av? Har du fleire produksjonar. Kor mykje du tener på kvar? Kor er du betre enn naboen?

Kva er nøkkeltalanalyse?

Nøkkeltalanalyse er det litle ekstra ein gjer med eit skatterekneskap for å få eit nyttig verktøy i drifta på garden. Rekneskapet vil verta oppdelet mellom produksjonane, ein vil få oversikt over inntekter og utgifter, få samanlikning med fjordåret og gjennomsnitts tall  for rekneskapslaga på Jæren innan kvar produksjon.

Dette gjev deg som bonde ein mykje større tryggleik i dei avgjerdene som du skal ta. Eller som ein kontroll på at drifta er på rett spor. Me set fokus på dei enkle og rette tala som er råd og samanlikne.

Korleis lagar me analysen?

Skatterekneskapet er utgangspunktet, det vert ført slik at ein kan splitte inntekter og utgifter for kvar produksjon , så fordeler me kostnader til maskiner, gjødsel, kalk, plantevernmidler og grovfôr . Denne fordelinga er du som bonde med på.

Samdrift.

For samdrifter slår me stort sett saman ”hovudeigar” og samdrifta for å laga ein totale oversikt, tenker som eit ”konsernrekneskap”.

Nytteverdien.

Når du som bonde har investert mykje, bygd opp ein stor produksjon og skaffa deg mykje arbeid, då er det viktig å veta kva det er som skjer. Kor er det i produksjonen eg har meir å hente, eller er det områder som bør kuttast  ut fordi ein ikkje får betaling for arbeidet her? Med ekstra innsats på område med forbetringspotensiale kan dette gje store gevinstar. Kjenner du at du har for mykje arbeid, og vurderer om du skal tilsette ein person, vil ein analyse vere nødvendig grunnlag  for å bestemme kva ein skal gjer.

Tenker du på utviding av produksjonen, er nøkkeltalanalyse av den produksjonen du har i dag eit viktig grunnlag for dei avgjerslene som skal tas.

Velkommen til å prøv

«Korleis går det eigentleg i drifta? Tener eg pengar? Kva tenar eg dei på? Kan eg gjere noko annleis? «