Hopp til innholdet

Rundballar eller plansilo

  • av

 

Det er nokon som satsar på bare rundball, medan andre har best tru på plansilo. Vi skal her sjå litt på fordelar og ulemper på dette. Vi har rekna på dette hjå Sigmund Rangen. På plansilotilfellet ser vi på bruk av snittar og lessevogn som mekaniseringslinje. Vi har rekna alt maskinarbeid som innleidd for å kunne samanlike likt.

Føresetnadar

Garden er på 300 daa som han har 3 slåtter på. Alt fôr blir transportert heim til fjoset anten det er i rundball eller plansilo. Avstand til den teigen som ligg lengst vekk er ca 3 km, men det meste er samla rundt fjoset.

 

Rundball

Fordeler

  • Mindre avhengig av veret. Kan dele opp slåtten.
  • Mindre personell som skal i sving. Ein mann på pressa og kanskje ein til å transportere rundball.
  • Enklare å få til fleire ”typar” fôr som ein kan fôre med til vinteren. Enklare å setje saman ein god fôrplan. Ein kan bevist slå noko tidleg og noko litt seinare.
  • Det er ikkje absolutt nødvendig med god lagerplass men ein stor fordel.
  • Kostar lite i faste kostnader ( ikkje kostnad til bygging av plansilo etc. )
  • Gir mindre støy, betre naboforhold enn snitting i bynære strøk.
  • Med lang transport kan ein gjer meir arbeid med heimtransport sjølv.

 

Ulemper

  • Er nok den dyraste i direkte kroneutlegg av ensileringsmetodane våre.
  • Det blir mykje landbruksplast å ta hand om på ein fornuftig måte
  • Fôring i større mengder tek nok lengre tid enn plansilo
  • Talet på rundballar og total kostnad er veldig påverka av kort fuktig graset er.

 

Plansilo

Fordeler

  • Er nok rimelegaste alternativ i reint kroneutlegg.
  • Går raskt å få graset inn i silo. Dei fleste klarer seg med ein god dag om forholda ligg til rette

 

Ulemper

  • Må ha mykje folk og utstyr under slåtten. Fleire til å køyre mellom, snittar og pakkemaskin på siloen.
  • Stort kostnadsnivå på effektivt utstyr i tillegg til at ein er avhengig av mange folk gjer at dei fleste leiger inn store deler av tjenesten.
  • På vinteren kan det fort bli sorpe og graps rundt silo, spesielt i periodar med mykje nedbør.
  • Fleire har problem med varmgang spesielt om graset er veldig fortørka. Kan føre til direkte svin.
  • Snittar lagar ein del støy. Har høyrt om dei som har blitt melde til politi for bråk utover kveld og natt.

 

Alternativet med rundballar kjem dyrare ut med første augekast. For Sigmund som nå står føre nybygg til kyr og då kan vurdere fritt kva fôringsopplegg han ynskjar kan det vere nyttig å tenke litt på dette.

Rundballar Plansilo
Slåing 26.280 26.280
Raging 12.264 12.264
Pressing 194.000
Plansilo 149.175
Sum 232.544 187.719

Det er to typar plansilo. Dei rett på marka eller helst på oppgrusa plass, som vi ofte kallar utesilo. Eller dei som har støypt frå 1 til 3 vegger som vi kallar plansilo. Dette gir nok ofte minst fôrspill men er nok og løysinga som kostar mest i opparbeiding. Plansilo til ca 500 daa gras kjem fort på over ein million å bygge. Skal dette delast ut over 20 års levetid med rente på 7% gir dette ein årleg kostnad på kr 70.000. Etter den er bygd har den ikkje alternativ verdi om ein skal endre driftsopplegg. Det er enklare å prøve rundball først for så å gå over til plansilo.

I alternativet med plansilo har vi rekna kr 20.000 i året til plast og duk over silo. Det er også rekna kr 12.000 eller kr 4000 pr slått i avslutning av silo. Tid til ekstra trakking og kostnad til å leggje plast / press på plansiloen. I kostnaden på kr 187.719 til plansilo ligg det dermed kr 32.000 i plast og andre kostnader rundt tildekking av silo.

 

Svinn

Rundball Plansilo
Totalkostnad 232.500 187.500
Erstatta med kraftfôr
Svinn forsiktig 42.000
Sum 232.500 229.500
Svin stort 84.000
Sum 232.500 271.500
Erstatta med grovfôr
Svinn forsiktig 30.000
Sum 232.500 217.500
Svinn stort 60.000
Sum 232.500 247.500

Både i rundballar og plansilo vil det bli svinn. Noko fôrsvinn fordi vi ikkje får det med oss inn til dyra og noko svinn gjennom overflate på plast og det som er ope både med ilegging og uttak. Leif og Olav Harbo har rekna litt på dette og sett på kva andre har funne ut gjennom målingar. Leif seier vi kan rekne 15% gjeringstap ( forsiktig anslag ) i plansilo og 10% gjeringstap (ikkje forsiktig ) i rundballar. Her blir dette 15.000 Fem meir i tap i plansilo. I tillegg kjem faktisk fôrsvinn ( det som ligg att ). Dette er nok ein god del større i plansilo enn i rundballar. Spesielt der plansilo ligg ute på marka. Det kan vere vanskeleg å unngå dårleg fôr langs sider.

Skal ein bruke kraftfôr for å kompensere dette kan vi bruke ein pris på 2,80 pr Fem som gir kr 42.000.  Kjøpar ein inn fleire rundballar eller dyrkar dei sjølv kan vi setje prisen til ca 2,00 pr Fem som gir 30.000. Meir rette tal på svinn er nok det doble og ein svensk undersøking meinar dette.

Skal ein rekne reell kostnad på grovfôr inkl alle maskinkostnader, rente, arbeidskostnad, dyrkingskostnader inkl arbeid og maskiner, kjem nok kostnaden på grovfôret kr 3,67. Etter at tilskotet til jorda er trekte frå er prisen kr 2,40. Jamfør artikkel frå NILF. Det betyr ikkje at ein skal slurve med kvaliteten, for det er endå dyrare å dyrke dårleg fôr der ein kanskje må kaste noko i tillegg.

 

Lessevogn eller snittar?

I utlandet har bruk av snitte og lessevogner blitt meir aktuelt. Desse har stor kapasitet og ein klarer seg med mindre personar og traktorar. Det er fleire typar, med meir eller mindre tal knivar og utstyr. Felles for alle er at dei også er blir store og tunge skal ein ha effektivt utstyr og god kapasitet. Prisen på desse kjem fort opp mot 500.000 pr stykk skal det vere noko seier Trond. Han har kundar som etterspør utstyret, men ikkje mange nok til at han tør satse enda. Dette er nok heller ikkje utstyr som gardbrukaren sjølv bør ha då det er ein del vedlikehald, utstyret er dyrt, treng ein stor traktor skal ein trekke lessevogna over plansiloen.

Fordelen er at ein klarer seg med 1 til 2 vogner og ein pakkemaskin. Totalt 3 stykk. Kapasiteten blir nok like stor som med ein stor og god slepesnittar.

Trond har rekna seg fram til at ved bruk av lessevogn blir totalkostnaden med plansilo på kr 137.000, mot kr 149.000 med slept finsnittar. Dette har han litt lite erfaring med og er litt usikker på prisen. Det er ikkje sikkert prisreduksjonen er så stor i forhold til det som vi har rekna i eksempelet. Skal ein bruke sjølvgåande finsnittar kjem han ut med ein totalkostnad på kr 123.000. Mindre tid til tråkking ( sjølv om prisen pr time er auka med kr 200 timer på grunn av større maskin ) og transport gjer forskjellen.

 

Konklusjon

Her er plansilo kostnadsrekna til kr. 187.700 og rundballar til kr 232.500 i direkte maskinkostnader. Det gir ein differanse på kr 44.800. Ein plansilo kostar fort ca 70.000 i året. Meir svinn i størrelse kr. 40 – 80.000 må vi nok rekne på plansilo enn rundballar alt etter kvalitet på eige arbeid med tildekking.

Det er nok ikkje lett å gi eit rett svar på dette. Ein kan ikkje rekne seg fram til eit eintydig svar. Dyktige gardbrukarar som gjer arbeidet med plan eller utesiloen rett, legg til rette for entreprenøren, ikkje har for stor avstand til dei ulike teigane og har litt størrelse på dei kjem nok rimelage ut. Det er nok avgjerande at han har kontroll på svinn og tap i siloen. Frå graset er køyrt saman, med rett tildekking til han er ferdig med å fôre den opp.

Ved val av rundball eller plansilo betyr ulike handteringsmetodar, lagringsplass, personell til transport av fôret, kva på året ein har best tid, utfôringsmetode betyr nok meir. Handtering av plast og mengder med plast bør ein også vurdere. Det blir mykje meir plast av rundballar. Ein bør ha eit effektivt system på dette for å hindre eller i alle fall redusere plast på avvegar. Det tek nok meir tid å fôre med rundballar enn frå ein plansilo når begge er lagra rett utanfor fjoset. Rundballar skal opnast opp og nett skal av. Det skal fôrast med ca 1200 rundballar i året hjå Sigmund som er 3 – 4 kvar dag.

Av Per Herikstad – Hå Gardsrekneskapslag

Trond Skretting og Leif Harbo – Maskinentreprenører