«Me hjelpe deg» 

Eigarskifte

Har du planer om eit eigarskifte på garden? Lurer du på kva ein bør gjera, kva tid bør ein starta prosessen? Me kan hjelpe til med råd og kan utføre alt papirarbeidet med eigarskiftet.

Eigarskifte

I praksis: Eigarskifte er ei sak som påverkar mange parter, derfor er det viktig å ha ein prosess som alle involverte får være med på.

Det bør starte med at seljer har eit møte på kontoret, der ein går i gjennom kva han  tenker seg om pris og betingelser, bør ein ha takst eller kan ein i fellesskap finne fram til rett pris? Vil seljer bu på garden vidare, er det noko rundt andre arvingar som må avklarast?

Neste møte bør være heime på garden, i lag med både seljer og kjøper. Det er og viktig at ektefellar/ sambuarar er med. Er ein heime kan ein i lag sjå på, og synleggjere ting på garden lettare enn om møtet var på kontoret.

Rekneskapslaget si rolle her er å svare på spørsmål og rekne på korleis ting verkar i forhold til skatt ,avgifter, arv osv. Skal seljarane ha kår og kva slags kår, det vil i så fall vere ein del av handelen.

Etter kvart set me opp ein kjøpekontrakt som er rett utforma etter det som ein har vorte einige om. Den inneheld kjøpesum for den faste eigedommen og for lausøyra (maskiner og besetning). Ein beskriv kva kår inneheld, det vert og som regel beskrevet kva som skjer dersom seljer vil avhende verdiane.

Rekneskapslaget vil orientere om kva lover det må takast omsyn til.

Avtale

Det er viktig å ta den tida ein treng for å få felles forståing av kva dette inneber, ein dårleg avtale kan øydelegge mange familieforhold.

Sjølve oppgjeret i handelen kan ikkje rekneskapslaget ta, det er mest fornuftig å bruke ein bank til det.

Velkommen til samarbeid.

 

 


Driftsplan

Ved større investering, utbygging og endringar i drifta vil det ofte være nødvendig med eit budsjett som viser korleis dette går. Det bør vere interessant for deg som eigar og din familie. Bank og Innovasjon Norge vil ofte krevje dette for å yte lån.

Ein drifsplan skal teikne eit så rett bilete av framtida som råd er. Vi kartlegg utfordringane framover saman med deg som brukar. Vi ser på dei tinga som vi trur vil endre seg. Alt etter kva som er dine ynskje.

Eksempel ulike produksjonar og omfang av desse

  • Kjøp av nye maskinar
  • Nybygg
  • Ombygging
  • Leige av jord
  • Utvide mjølkekvote
  • Oppstart av samdrift etc.

Heilhet

I ein driftsplan ser vi på heile bruket. Vi tek med totale inntekter til familien. Vi tek med

  • Andre produksjonar på garden
  • Inntekter utanfrå
  • Lønsinntekt
  • Privatforbruk
  • Skatt
  • Rente og avdrag

Utgangspunkt

Vi tek utgangspunkt i situasjonen slik den er i dag. Vi kartlegg drifta , omfang og oppnådde resultat. Nøkkeltal er til god hjelp her.

Vi tek inn produksjonsrådgjevar på aktuelle produksjonar ved behov. Ofte vil dette være ved nye produksjonar som ikkje har vore på garden før.

Nøkkeltal

Nøkkeltal og oppnådd resultat her blir ofte lagt til grunn for drifta framover. Ved vidare utbygging av bruka vil gode nøkkeltal over tid ofte være avgjerande om vi kan tilråd utbygging og om ein får lån.

Fleire alternativ

Vi lagar fleire alternativ der vi brukar litt ulike føresetnader. Dette for å kunne seie noko om risiko i prosjektet og kunne sjå kva som skjer om ikkje alt går etter planen.

  • Ulike rentenivå
  • Endring i oppnådd dekningsbidrag
  • Ulike strategiar på maskinar
  • Høgare lån fordi investering er dyrare

Investering i millionklassen

Det kan vere fornuftig å bruke litt tid med oss på rekneskapslaget for å kvalitetssikre den investeringa som du tenkjer på.

Me hjelpe deg au med budsjettering, finansiering, arv&gaver, ansettelse, lønn, eiendomsoverdragelse, selskapsformer, og skatt mm.